Satsningsområder for 2021-2025

I samarbeid med dei andre vossabarnehagane har me to satsningområder for perioden 2021-2025: Språk og kommunikasjon og Trygt og godt barnehagemiljø

SPRÅK OG KOMMUNIKASJON

Hovudmål:

  • I vår barnehage skal me ha eit godt språkstimulerande miljø
  • I vår barnehage skal barna få støtte i kommunikasjonen med teikn-til-tale og visuell biletstøtte

Systematisk språkstimulering i barnehagealder har mykje å seie for barna si språkutvikling. Gode språklege ferdighetar er viktig, ikkje berre i barnehagealderen, men også for seinare læring og sosial mestring. Barn brukar språket aktivt i leik, og gjennom språkaktivitetar og lesing av bøker får barna felles referansar til bruk i samtalar med kvarandre og som leiketema.

Dei tilsette i barnehagen skal ha god kunnskap om barn si språkutvikling. Me skal legga opp til at barna får delta i planlagte språkaktivitetar og me skal bruka kvardagssamtalane til å utvikla barna sine samtaleferdighetar. Kvardagssamtalar er samtalar som ikkje er planlagt, men som oppstår mellom barn eller mellom barn og vaksne, ofte mens dei held på med ein aktivitet. Dei planlagte språkaktivitetane er viktige læringssituasjonar, men kvardagssamtalane er den språklege aktiviteten barna deltek mest i, og er difor ein viktig læringsarena for barna. Gode samtaleferdigheter er viktig for å gjera seg forstått eller å forstå, og for å meistra å dela tankar, kjensler og informasjon. For å støtta utviklinga av samtaleferdigheiter må dei vaksne i barnehagen legga til rette for at barna får øvd seg på dei grunnleggande ferdigheitene som er sentrale når ein skal samtala med andre. Dette er til dømes turtaking, samtala utan å avbryta, gi respons på det den andre seier og lytta aktivt.

Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna:

-          uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar

-          bruker språk til å skape relasjonar og delta i leik, og som reiskap til å løyse konfliktar

-          vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd

-          leiker, improviserer og eksperimenterer med rim, rytme, lydar og ord

-          møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer

-          opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale

-          utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråklege uttrykk, til dømes leikeskrift,    teikning og bokstavar, gjennom lese-og skriveaktivitetar

 

TRYGT OG GOD BARNEHAGEMILJØ

Hovudmål:

  • I vår barnehage arbeider me kontinuerleg og systematisk med å fremja eit trygt, godt og inkluderande barnehagemilø. Me oppdagar, undersøker og førebygger alle former for krenkingar. Me stoppar all krenking og fylgjer opp med eigna tiltak heilt til borna opplever at dei har eit trygt og inkluderande miljø

Delmål:

  • I vår barnehage har me eit felles kunnskapsgrunnlag om barnehagelova og rammeplanen sine føringar for psykososialt miljø, og om inkludering, sosialt samspel, krenkingar og anerkjenning i barnehagen. Dette gjev oss eit godt utgangspunkt for å vidareutvikla vår praksis til barns beste.
  • I vår barnehage skal me jobba førebyggande med: vennskap, fellesskap, livsmeistring og empati.
  • I vår barnehage skal me ha gode, varme, aktive og tilstadeverande vaksne
  • I vår barnehage skal personalet jobba jamnleg med haldningsskapande arbeid. Dette arbeidet må byggja på tre ting: haldningar, kunnskap og handlingar. Dei tilsette skal dei neste åra fylgja Udir si kompetansepakke for Trygt og godt barnehagemiljø.

 

For at det psykososiale barnehagemiljøet skal opplevast som trygt og godt, skal det vera nulltoleranse for utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Barna skal ha gode relasjonar til både barn og vaksne. Barnehagen skal jobba førebyggjande ved å kontinuerleg arbeida for å fremja helse, trivsel, leik og læring for barna.

Barnehagelova §42 omhandlar barnehagen si aktivitesplikt, og legg føringar for kva plikter barnehagen har for å fylgja med og gripa inn, og kva tiltak barnehagen skal gjera om foreldre eller tilsette informerer om at barn ikkje har det trygt og godt i barnehagen. Barnehagen har også skjerpa aktivitetsplikt (§ 43) ved mistanke om, eller kjennskap til at ein som arbeider i barnehagen, utset eller har utsett eitt eller fleire barn for krenkelsar. Voss herad har utarbeidd plan og skjema for aktivitetsplikt og skjerpa aktivitetsplikt, som vil bli brukt i utarbeidinga av tiltak.

Aktivitetsplikt:

1. Barnehagen har ansvar for å fylgja med på korleis alle barn har det

2. Alle tilsette har plikt til å gripa inn om eit barn ikkje har det bra.

3. Alle tilsette skal melda frå til styrar om dei får mistanke om at eit barn ikkje har det trygt og godt i barnehagen.

4. Barnehagen må straks undersøka saka om det er mistanke eller kjennskap til at eit barn ikkje har det trygt og godt.

5. Barnehagen skal setta inn tiltak om eit barn ikkje har det bra. Det skal lagast ein skriftleg plan, i samarbeid med foreldra