På Mikkel rev er dei glade i å leika i dokkekroken, tegna og skriva, bygga med lego og plusplus. Dei er opptekne av å vera gode vener og ein ser ofte barn som hjelper kvarandre.
Barna på Mikkel rev likar godt å ha samlingsstund. Då er det song, forteljing og dei er ivrige etter å læra nye teikn. Dei likar også å lesa bøker, og kosar seg når dei får besøka biblioteket.
Det er deilig med utetid i løpet av dagen, og då er leik med vatn og sand, fangeleik og rolleleik favorittar. Ein dag i veka er Mikkel rev-gruppa på tur. Då går dei ofte til Trolleskogen i Prestegardsmoen.